Kværner investerer i nytt forbetringstiltak og tildeler kontrakt til Fronta


Kurt Arne Tyse, konsernleiar i Fronta og Steinar Røgenes, verftsdirektør i Kværner.

 

19. juni 2019 – For å optimalisere produksjonen av isolasjonsboksar, investerer Kværner i ein 1000 m2 ny fabrikasjonshall på verftsområdet på Stord. Entreprenørselskapet Fronta er tildelt ei totalkontrakt for oppføring av bygget.

Eit typisk prosjekt på verftet har behov for fleire tusen isolasjonsboksar, dei aller fleste produsert på mål. Kværner investerer no i ny fabrikasjonshall og moderne CNC-utstyr for å kunne fabrikkere eigne isolasjonsboksar. Tidlegare har isolasjonsboksane blitt produsert av underleverandørar ulike stader i inn- og utland, med opptil fleire vekers leveringstid. Ved å fabrikkere isolasjonsboksar tett opptil området kor strukturane blir samanstilt, vil det spare tid og gi betre flyt, noko som igjen vil vera eit bidrag til å styrke Kværner si konkurranseevne. Det vil også bli satsa på teknologi for effektiv og optimal produksjon av boksar.

Den nye fabrikasjonshallen vil bli oppført inne på verftsområdet, mellom administrasjonsbygget og malaravdelinga, og vil ha ei grunnflate på rundt 1000 kvadratmeter, i tillegg til areal for kontor, toalett og kantine.

Fronta er tildelt ei totalkontrakt for levering av komplett bygg, inkludert prosjektering og byggemelding. Andre verksemder som vil vera involvert i prosjektet er Engelsen Anlegg AS, Aritech AS og J. Tufteland.

Grunnarbeidet for hallen tok til inneverande veke. Hallen skal stå klar til bruk i løpet av hausten


Se også