Byggjer gigantanlegg i Fitjar

Om eitt år skal den første lakserogna inn i det nye enorme smoltanlegget til 650 millionar i Fitjar.

Av Hilde Vormedal Nybø / Sunnhordland

Eit nybygd inngangsparti står som ein einsleg kasse. 18. mai blei den siste smolten levert ifrå Lerøy Sjøtroll på Fitjar. No skal dagens anlegg jamnast med jorda og gje plass til nytt.

– Det nye anlegget vil vera eitt av dei største og mestproduserande setjefiskanlegga i verda, seier adm.dir. Willy Berglund, i Lerøy Sjøtroll.

Større smolt

– Vår hovudutfordring er å få laksen trygt fram til slaktevekt på best mogeleg måte. Me har sett at det å setja ut større smolt er veldig vellukka. Når me set ut laks på 500 gram i sjøen, så klarar me det anten utan avlusing i det heile, eller med maksimalt èin avlusing, seier Berglund. Tidlegare har det vore vanleg å setja smolten ut i sjø når han var rundt 80 gram i eigne anlegg. Men forholda i havet med smitte, lakselus og elles skiftande miljøforhold, har vore tøft for laksebarna og gjeve stor døyelegheit.

12,5 mill fiskebabyar

Fram til no har anlegget i Fitjar hatt ein produksjon på fem millionar smolt i året. Det nye anlegget har ein kapasitet på totalt 12,5 millionar smolt i året. Anlegget skal bestå av 12 avdelingar, der to er klekkeriavdelingar, og ti er såkalla RAS-anlegg (Recirculating Aquaculture Systems). I slike anlegg skjer det resirkulering og reinsing av vatnet i motsetnad til eit gjennomstrøymingsanlegg. Dermed får ein mykje lågare forbruk av vatn.

– Me vil ha smolt som er klar for å setjast ut i sjø fem gonger i året, og resten av organisasjonen vår må vera klar til å ta i mot denne. Det gjer at me må tenkja nytt, seier Berglund.

– Med det nye anlegget så sikrar me at me at fisken har optimal tilgang på vatn, også i tørkeperiodar. Det gjer oss også mogelegheita til å varma opp vatnet til 12–14 grader. Temperaturen i vatnet styrer veksten på smolten og tilveksten blir mykje større enn me har hatt tidlegare når me har hatt vasstemperatur ned i to grader om vinteren, seier Svein Nøttveit, som er leiar for prosjektet på Fitjar.

100 i sving

Det er Bryne-selskapet Totalbetong AS som er entreprenør på sjølve bygget, og Krüger Kaldnes leverer prosessanlegget. Totalt har nybygget ei grunnflate på 14.000 kvadratmeter på den 18 mål store tomta. I løpet av byggjeperioden som er på to år, vil opptil 100 arbeidarar vera på jobb og bu i brakkeriggen, som er plassert ikkje langt frå anlegget

– Anlegget er designa slik at ein det er mogeleg å visa drifta fram for skuleklassar og andre interesserte, seier Berglund.

21 tonn i døgeret

Heile anlegget skal vera ferdigstilt våren 2019. For å illustrera kor stort anlegget er, så vil det på det meste gå med over 21 tonn med fiskefôr til smolten per døger.

Lerøy Sjøtroll produserte i fjor 68.000 tonn laks og aure i Hordaland i 2016, og sysselset til saman 700 tilsette i fylket.

 


Se også